BILLETTINFORMASJON HØDD - FLORØ

Då er vi klar for cupkamp igjen! Florø kjem på besøk til Høddvoll onsdag 2.mai kl. 18.00 og vi har no opna billettsalet til kampen.

OBOS-liga laget Florø kjem på besøk til Høddvoll i 2. runde i NM. Det blir eit spanande oppgjer mellom to gode lag onsdag kveld. 

Billettinformasjon

Vi har no opna billettsalet til kampen og dei som har sesongkort har forkjøpsrett på setet sitt fram til tysdag 1.mai. 

Dei med sesongkort kan gjenkjøpe plassen sin her! (krever brukernamn og passord). Dersom du manglar brukarnamn, send e-post til [email protected] og oppgi namn og plass slik det viser på kortet.

Vi minner om at ALLE må kjøpe billett til kampen. Sesongkortet gjeld ikkje i NM. Kun dei med NFF kort har tilgang til fribillettar. 

Før cupkampen mot Florø blir det tilbod om pizzabuffet på VIP for alle som kjøper denne type billett på hovudtribuna. 

Det blir også vanlege billettprisar (sjå prisane under).

Pizzabuffet VIP prisar (kun hovudtribune)

Vaksen - Kr. 300,-
Honnør - Kr. 200,-
Barn - Kr. 200,-
Student - Kr. 200,-
Familie (2+2) - Kr. 900,-

Prisane over inkluderer kampbillett og pizzabuffet. Frist for kjøp av denne type billett er onsdag 2.mai kl. 12.00. Inngang ved sidan av billettkontoret. Billetten vil vere merka med Pizzabuffet og den må visast og scannast ved inngangen.

Billettprisar

Hovudtribune
Vaksen - Kr. 150,-
Honnør - Kr. 100,-
Barn - Kr. 100,-
Student - Kr. 100,-

Sparebanken Møre tribuna
Vaksen - Kr. 100,-
Honnør - Kr. 50,-
Barn - Kr. 50,-
Student - Kr. 50,-

Ståtribune
Vaksen - Kr. 50,- (Alle under 16 år gratis inngang)

KJØP BILLETT HER!

Vi er spenna klar for kamp og håper også du tek turen denne dagen å støttar dei blåkvite til avansement til 3. runde!

HEIA HØDD!

Annonse fra Obos-ligaen: