
Billettinformasjon Brattvåg stadion
Her får du informasjon om korleis du sikra deg billett til kampen mot Brattvåg!
Det er venta mange tilreisande Hødd supporterar til Brattvåg stadion for å støtte dei blåkvite i kampen mot Brattvåg. Her kjem derfor litt informasjon om korleis du sikra deg billett og kor Hødd sine supporterar får plass på stadion.
Billettinformasjon
Pris: 150kr vaksen / 50kr barn
Plassering av publikum
Blåsarane, MiniBlå og andre med flagg/ Hødd-effekter vil få plass til høgre for tribuna (mot hallen). Det er derfor ikkje tillatt å stå på sitjetrubuna slik som bilete i saka viser frå ein tidlegare kamp mellom laga på Brattvåg stadion.
*Det er ikkje tillatt med flagg/ Hødd-effekter på sitjetribuna.
Andre Hødd-supporterar som kjem på kamp kan bruke sitjetribuna - eige felt (mot hallen).

Vi oppmoda derfor alle om å nytte inngang og parkeringsplass ved hallen.
Vi sjåast på kamp!