Billettinformasjon Årets kamp

Søndag 12. september er det klart for årets kamp på Høddvoll! Sikre deg ein gratisbillett til kampen her!

For ein toppkamp vi har i vente når Kongsvinger gjestar Høddvoll søndag!

Dei to beste laga i divisjonen skal møtast på Hødd si heimebane og vi byr opp til ein stor folkefest denne dagen. Møt opp, støtt laget og vér med å lag stor stemning frå tribunen. La spelarane få høyre deg under heile kampen. Bli rett å slett lagets 12 mann i kampen når Hødd-laget skal kjempe Kongsvinger i senk og sikre seg 3 poeng!  

BILLETTINFORMASJON

Det blir gratis inngang på kampen for alle! 

Dei som har sesongkort tek med dette og scannar sesongkortet som normalt ved inngangen. 

Alle andre må kjøpe (gratis billett kr. 0) via vårt billettsystem eller på billettkontoret før kamp og scanne billetten eller billettane ved inngangen. Du kan enkelt kjøpe billett her:

Sikre deg billett her!

 
*Det blir freeseating i denne kampen. Du kan ikkje forvente å få tildelt plass der du har ditt sesongkort, så lenge vi må forholde oss til koronarestriksjonar. Vi ber om at du følger anvisninga frå vakt/vert-mannskapet når du kjem på stadion og nyttar plassen du blir tildelt innanfor gjeldande smittevern. Møt derfor opp i god tid før kampstart for å sikre deg ein god plass på stadion!
 

Vi gjer merksam på at billettane vil gå fort, så vér raskt ute med å sikre deg ein plass slik du kan ta del i kampen! Vi har makskapasitet på 1800 tilskodarar innanfor smittevernsreglane og når det er fullt, så har vi dessverre ikkje lov til å ta inn fleire.

Det blir lagt ut to type billettar:
Fribillett kr. 0
Bortesupporter kr. 0
 

Det blir derfor gratis inngang også for Kongsvinger sine supporterar på Felt J. Vi oppmoda uansett dei som har tenkt seg på kamp om å heller gi eit kronebeløp pr. tilskodarar til kampen. 

Gi ditt bidrag her!

 

Du kan også hente deg ut billett på kampdag på billettkontoret, men då er vår anbefaling at du møter opp i god tid i forkant for å unngå kø ved billettkontoret. Dørene opnar kl. 13.30.

For å kunne gå på kampen må du derfor:
- Ta med sesongkortet og scanne det ved inngangen
- Kjøpe billett (kr. 0,-) på nett eller via TicketCo appen og scanne billetten ved inngangen.
- Kjøpe billett (kr. 0,-) på billettkontoret før kamp og scanne billetten ved inngangen.
 

Det blir ikkje mogleg å sikre seg billett på andre måtar enn via vårt billettsystem.

Dette blir årets kamp på Høddvoll og denne må du ikkje gå glipp av!

Vi sjåast på kamp!

Annonse: