Biller på lån frå Silkeborg ut 2026
Hødd har signert kantspelaren Sebastian Biller, ein spennande G19-landslagsspelar frå Danmark. Toppfotball
Den unge dansken, som nettopp fylte 19 år, har i fleire år vist at han er eit meget stort talent. Han har også vore ein del av alle ungdomslandslaga i Danmark (U16, U17, U18 og no U19). Ein ekte X-faktor spelar.
Sportssjef Jesper Törnqvist seier:
- Sebastian er ein spelar som vi har følgt over ei periode i vinter og vi trur at han kjem til å passe vår måte å spele fotball på. Ein spelar som trivst på små flater og som har et godt skudd med begge bein. Velkomen til Ulsteinvik og Hødd!