BIL- OG BÅTMESSE PÅ HEIMEBANE

IL Hødd Fotball inviterer til Bil- og båtmesse på Heimebane 19.- 20. juni i Ulsteinhallen!

Største bil- og båtmesse på Søre Sunnmøre
Arrangøren, IL Hødd Fotball ønsker velkomen til messe i Ulsteinhallen helga 19.- 20. juni. Arrangementet skal bli den største møteplassen for bil- og båtbransjen på Søre Sunnmøre og skal vere eit årleg arrangement på Høddvoll.

- Marknadsutvalet har det siste halvåret jobba godt med å utvikle nye prosjekt og eit av desse er Bil- og båtmesse på Heimebane! Vi har vore i dialog med fleire aktørar i bil- og båtbransjen for å sjekke interessa, og vi kan med stor glede seie at interessa har vore stor. Klubben har også utarbeida ei eiga heimeside for arrangementet der ein kan melde seg på, samt få anna relevant informasjon om bilmessa seier prosjektansvarleg André Aurvåg Gardshol.

Stor aktivitet i Ulsteinhallen
Inne i Ulsteinhallen kjem bil- og båtforhandlarane med sine siste modellar og det vert også lagt opp til stands for ulike aktørar innan bil- og båtpleie, forsikring, ladestasjon for elbil, trafikktryggleik, GPS/ navigasjon etc. 

I tillegg er det mogleg å kjøpe annonseplass på storskjerm under arrangementet.

Det vert open kiosk, gratis parkering og fri adgang for alle som kjem innom.

- Vi ser verkeleg fram til å ta imot aktørane som skal vise fram sine produkt i Ulsteinhallen og vi håpar på stort frammøte blant publikum! Vi har også sikra oss Ulsmohallen og Høddvoll-området om vi skulle ha behov for meir plass, seier Gardshol.

Nye inntektsprosjekt 
Med ein tøff sponsormarknad er klubben heilt avhengig av å utvikle nye prosjekt som skal generere nye inntekter til klubben. Hødd Fotball og marknadsutvalett er derfor glade for å kunne invitere til Bil- og båtmesse på Heimebane i Ulsteinhallen 19.- 20. juni!

- Som prosjektansvarleg vil eg takke marknadsutvalet for ein strålande jobb i saman med administrasjonen i Hødd Fotball der vi i fellesskap har utvikla dette arrangementet. Dette arrangementet håpar vi skal bli ei god inntektskjelde for klubben, og vi håpar derfor på stor påmelding, samt godt oppmøte blant publikum. Dette er eit arrangement som skal gå årleg på Høddvoll og skal vere ein stor møteplass for bil- og båtbransjen. Covid-19 situasjonen er uavklart akkurat no, men vi håper og trur at dette er mogleg å gjennomføre når vi kjem til juni månad. Uansett vil vi legge til rette for godt smittevern under arrangementet, seier Gardshol.

Velkomen til Bil- og båtmesse på Heimebane!

IL Hødd Fotball
Marknadsutvalet
https://www.bilogbatmesse.no/

 

Annonse: