Berisha til Hødd
Angriparen kjem på lån ut sesongen – med opsjon på permanent overgang. Toppfotball
Hødd har styrka angrepsrekkja med Jon Berisha. Den 21 år gamle spissen kjem på lån frå Ranheim ut sesongen, med opsjon på kjøp.
Berisha gjekk til Ranheim i fjor sommar etter å ha vore ein ettertrakta spelar. Våren 2025 markerte han seg sterkt for Brann 2 med ni scoringar på 14 kampar i PostNord-ligaen, noko som gjorde at fleire klubbar fekk augo opp for den målfarlege angriparen.
For Ranheim vart det fire mål på 28 kampar før turen no går til Hødd.
Sportssjefen om signeringa
Sportssjef Jesper Tørnqvist er svært nøgd med å få Berisha til Ulsteinvik.
– Jon er ein spelar vi hadde på radaren allereie då han gjekk til Ranheim i 2025. Då moglegheita no opna seg for eit lån med opsjon på kjøp, ønskte vi å gripe den. Jon er ein spennande spisstype med gode fysiske eigenskapar og ein sterk venstrefot. Han blir ei fin tilvekst i gruppa, seier Tørnqvist.
Gler seg til utfordringa
Berisha ser fram til å ta fatt på eit nytt kapittel i Hødd.
– Hødd har ein bra spelestil og spelar fin fotball. Klubben har òg stort fokus på å utvikle spelarar, og det høyrest veldig spennande ut. Eg gler meg til å kome i gang, seier den nye Hødd-spissen.
Vi ønskjer Jon hjarteleg velkomen til Hødd og ser fram til å sjå han i den blå drakta.
Den første moglegheita kan kome allereie måndag, når Hødd møter Stabæk på Nadderud. Vi håpar mange tek turen og fyller bortetribuna!