Bendik Rise solgt til Skeid

Hødd Fotball og Skeid har blitt einige om ein overgang for Bendik Rise.

Overgangen blir gjeldande frå 01.01.2022.

Bendik Rise har vore Hødd-spelar gjennom heile karrieren og har hatt ei flott utvikling i Hødd. Nok eit godt eksempel på den gode jobben som blir gjort i Hødd med å utvikle spelarar. 

Det neste steget for Bendik 

- Etter diskusjon med spelar, så har vi landa på at dette er neste steg for Bendik etter mange år i Hødd. Bendik vokse og utvikla seg ilag med Hødd og no er tida moden for å få andre input for å utvikle seg vidare både som spelar og person. Vi takkar Bendik for mange flotte år så langt, og er sikre på at vi sjåast igjen!, seier Sportssjef Jesper Törnqvist. 
 

Bendik: - Blir rart å skulle forlate Hødd  

- Det blir rart å skulle forlate Hødd etter heile livet i klubben. Men det kjennest på tida for meg å prøve noko nytt, både på bana, men spesielt utanfor bana i form av studiar og nye opplevingar. Hødd kjem til å bli steingode også komande sesong, noko som både gjer det lettare og vanskelegare å reise no.  
 

- Eg sit uansett igjen med enormt mange gode opplevingar og gode vennskap gjennom eit liv i klubben - både i aldersbestemt og på A-laget. Det er eg evig takknemleg for. Dessverre vart det ikkje den avslutninga vi hadde håpa på, men Hødd kjem tilbake snart. Det veit eg. 

- Etter spel i fem strake sesongar i PostNord-ligaen vert dette også ei moglegheit til å prøve meg på eit høgre nivå, men samtidig sleppe til nye, unge, lokale spelarar i Hødd. Og det skal eg følgje med på. Heldigvis vert det mange kampar på Østlandet som eg får sjå. Hjartet vil alltid vere blått! 

- Takk for meg – for denne gong. Heia Hødd! 

Hødd Fotball takkar Bendik for innsatsen i Hødd-drakta og ønsker han samtidig lykke til i OBOS-ligaen med Skeid! 

Annonse: