
BENDIK RISE HAR SIGNERT
Bendik Rise (22) har i dag signert ein ny toårsavtale med Hødd Fotball.
Hødd Fotball og Bendik Rise har blitt einige om ein ny avtale ut 2022-sesongen. Bendik Rise som har gått gradene i Hødd vil derfor framleis spele i blåkvit dei neste to åra!
Hovudtrenar Kevin Knappen er veldig glad for at Bendik har signert:
- Vi er glade for at Bendik har signert ny toårsavtale med Hødd. Bendik er ein kontinuitetsbærer med god erfaring på nivået, og ein sterk bidragsytar på og utanfor bana. Saman siktar vi opp og fram i 2021!
Bendik seier dette i ein kommentar:
- Det er eit spanande prosjekt på gang i Hødd no. Vi har mykje å bygge vidare på frå i fjor, der vi framleis har den same stamma i trenarteamet og i laget. Med gode tilskot utanfrå trur eg på ein god sesong for Hødd, og det er noko eg skal vere ein sterk bidragsytar til.
Vi ønsker Bendik lykke til med sesongen!
Annonse fra Obos-ligaen: