Bendik August Engen har signert proffkontrakt med Hødd

Bendik August Engen signerte i dag ei proffkontrakt med Hødd ut 2022-sesongen.

Bendik kom først til Hødd i 2017 og spelte her ut denne sesongen før han gjekk tilbake til Hareid. Bendik hadde ei fin utvikling i 4. divisjon med Hareid i 2018 og kom derfor tilbake til Hødd i 2019.  

I 2020 fekk han debuten sin i PostNord-ligaen heime mot Skeid. Han skora sitt første mål for Hødd i denne kampen og vart matchvinnar i 1-0 sigeren.  

I år står han med 2 mål etter 5 serierundar, der begge måla kom borte mot Vålerenga 2. 

Bendik har hatt ei fin utvikling i Hødd det siste året og er no med å kjempa om plass i start 11aren. Det er derfor fullt fortent at han no får proffkontrakt med Hødd. Dette er kjekt både for Hødd og Hareid som har vore med å utvikla ungguten. 

Bendik August Engen er godt nøgd med å signere for Hødd: 
- Veldig glad for å ha signert mi første proffkontrakt og å få fortsette å vere ei del av denne klubben. Gleder meg til å spele meir for klubben og å utvikle meg som spelar. 
 
Hovudtrenar Kevin Knappen er også godt nøgd med signeringa:  
- Bendik har jobba hardt og målbevisst over tid i Hødd etter overgangen frå Hareid. Kom først inn på A-laget som siste års junior, no har han fortent og signert proffkontrakt med Hødd. I fjor skora Bendik i sin debut og vart matchvinnar for A-laget heime mot Skeid. Det var starten på det som no begynner å sjå spennande ut. Ungguten har ei flott innstilling til trening og veit at ein må jobbe hardt for det ein vil oppnå. Bendik er ein krigar som også har utvikla sine avsluttar eigenskapar. Eit bra grunnlag er lagt for å ta ytterlegare steg. Det er no det begynner! 
 

Vi gratulerer Bendik med proffkontrakt og ønsker han lykke til vidare i Hødd-drakta! 

Annonse: