
Beate har vore på alle bortekampane i år
Denne helga reiser ho åleine til Vennesla i Vest-Agder for å støtte Hødd.
Beate Rødseth har denne sesongen reist til Haugesund, Bryne, Bergen og Notodden for å følge Hødd. Søndag er ho på plass på Vennesla når dei Hødd møter Vindbjart for første gang i historia.
- Eigentlig hadde eg ikkje tenkt å reise til Vennesla då det er langt å reise og kronglete å kome seg dit. Men så fann eg ei overkomeleg reiserute, så då ombestemte eg meg, seier Beate.
- Korleis ser reiseruta ut?
- Eg tek nattbussen til Oslo laurdag, og så blir det tog derfrå om morgonen. Etter kampen søndag vert det tog til Oslo, overnatting i hovudstaden, og så morgonflyet oppatt.
Beate var på 10 bortekampar i fjor med Hødd i Obos-ligaen, og har sett seg som mål å reise på endå fleire i år.
- Det betyr at du må på nesten alle bortekampane det?
Ja, eg har planar om det. Einaste bortekampen eg veit eg ikkje skal på er Odd 2 borte grunna at det er ein mandagskamp, seier Hødd-supportaren som til vanleg jobbar på Princess på Blåhuset.
- Korleis er det å reise rundt på 2. divisjonsarenaer kontra stadionar i Obos-ligaen?
- Det har vore ein nedtur. Ein ting at mange stadion ikkje ser vidare ut, men først og fremst grunna at det nesten ikkje er tilskodarar på bortekampane. Når det er sagt, så er det kjekt å besøke plassar og stadion eg aldri har vore på før, så det er det positive med det.
- Når var første gang du reiste på ein lengre bortetur for å følge Hødd?
- Det var sommaren 2013 borte mot Sandefjord. Etter det har det berre blitt fleire kampar for kvart år.
- Du har ikkje fått sett så mange sigrar på bortebane i serien på dine mange turar dei to siste åra?
- Nei, det har vore smått med det. Faktisk berre ein. Men eg har funne min livs kjærleik i Hødd, så då følger eg dei både i gode og onde dagar, seier Beate.
- Kva av borteturane har vore den beste til no i år?
- Det var til Vard Haugesund. Då reiste eg åleine med fly, men tre andre Blåsarar kom sørover frå Ulsteinvik med bil, og vi hadde det veldig trivelig dagen før då vi også møtte den einaste supersupportaren til Vard.
- Men også Fana borte var veldig bra. Då var vi 28 Blåsarar som reiste til Bergen med buss frå Ulsteinvik, og det synes eg er imponerande i 2. divisjon.
- Skal du også på siste bortekamp før sommarpausa borte mot Hønefoss?
- Ja, det skal eg sjølvsagt. Då skal eg også ha med mine tre born, og det gler vi oss veldig til, avsluttar ho.
Heile Hødd ønskjer Beate god tur til Vennesla i helga!