Bærum neste hinder

Søndag spelar Hødd borte mot Bærum på Sandvika stadion!

BÆRUM - HØDD

Søndag er ny serierunde i PostNord-ligaen når Bærum og Hødd møtast på Sandvika stadion kl. 14.00!

Laurdag gjennomførte laget ei lett treningsøkt før avreise og skal vere godt førebudde til kampen mot Bærum søndag.

BÆRUM

Bærum har ikkje fått den beste starten på sesongen og står med 7 poeng etter seks serierunder. Etter tre strake tap dei første rundene har laget verkeleg funne forma med to trepoengarar og ein uavgjort dei siste tre kampane. Laget tok også ein sterk bortesiger over Asker i forrige serierunde. Sjå høgdepunkt frå kampen her:


Les kampreferatet Bærum sin kamp mot Asker her:
 

I følge Bærum si heimeside stiller laget med ei skadefri tropp og vil derfor stille sitt sterkaste lag mot Hødd. 

HØDD

Etter Hødd si scoring på tampen av kampen mot Træff, så trudde dei aller fleste at Hødd ville ta nye 3 poeng, men dessverre kom bortelaget tilbake og utlikna godt inne i overtida og det enda derfor med 1 poeng heime på Høddvoll.

No ventar det ny kamp i PostNord-ligaen når laget skal spele borte mot Bærum, eit lag som har fått fart på sakene etter ein litt trå start på sesongen. Det blir derfor ingen enkel bortekamp. Vi trur uansett at Hødd-spelarane gjer jobben skikkeleg og reiser heim til Ulsteinvik med 3 poeng, men tøff kamp blir det!

Vi kan også nemne at Hødd vann begge kampane mot Bærum i 2021-sesongen.

BILLETTINFORMASJON

For dei som har tenkt seg på kamp, så kan du sikre deg billett på stadion. Vipps eller kontantbetaling.

SLIK SER DU KAMPEN PÅ TV

Vi oppmoda alle med blått hjerte 💙 som ikkje skal til Bærum om å møte opp på Brygga Sportsbar å sjå kampen der. Til fleire som er der, til bedre stemning blir det!

Kampen blir også streama på Sunnmørsposten og Vikebladet (*krever abonnement).

Det vil også bli oppretta ein kamptråd på vår Facebook-side der ein kan følgje dei viktigaste hendingane frå kampen.

Etter kampen vil det bli lagt ut kampreferat frå enten Vikebladet Vestposten eller Sunnmørsposten.

Vi ønsker laget lykke til i kampen mot Bærum!

Annonse: