Badr: - Angripe Brattvåg som ein seriekamp
Badr stortrivast i Hødd og har opna scoringskontoen.
Det er under to veker sidan Badr Rahhaoui signerte for Hødd, men 19-åringen har allereie markert seg i Hødd. Den løpssterke og raske spissen skåra mot Førde, og fulgte opp med tre mål i internkampen som Hødd spelte under treningsleiren i England.
- Det er ingenting som slår følelsen av å skåre mål, og eg er glad for å ha komt godt i gong, seier Badr.
- Korleis har det vore å kome til Hødd?
- Her får eg fokusere for fullt på eiga utvikling og det å trene godt. Det har utelukkande vore positivt å kome til klubben, og lagkameratane er ein fin gjeng.
- Korleis var treningsleiren i Luton?
- Det var veldig bra. Gode treningsforhold, fint vèr og tøffe treningar. Samtidig var det ein fin måte å bli bedre kjent med lagkameratane, seier han.
Badr spelte for Fredrikstad i fjor i OBOS-ligaen, og har nær 30 aldersbestemte landskampar for Noreg. Rett før han kom til Hødd var han på treningsopphold i Borussia Dortmund.
- Det har vore ein vinter der eg ikkje har fått stabilitet i treningsarbeidet sidan eg har vore litt rundt, så enno er ikkje forma mi på topp. Men eg kjenner at forma no kjem meir og meir.
Kva tenkjer du om kampen mot Brattvåg?
- Eg høyrte at Hødd tapte mot dei for ein månad sidan, så det må vi få revansjert. Det er berre to kampar igjen til seriestart, så no må vi angripe Brattvåg som om det skulle ha vore ein seriekamp. Det har også Sindre Eid sagt vi skal gjere. Målet mot Brattvåg og HamKam er to sigrar, slik at vi kan ta med oss sjølvtillit til Haugesund og serieopninga mot Vard, avsluttar Hødd-spissen.
Vegard Heltne og nysignerte Amani Mbedule er dei to einaste som mistar kampen mot Brattvåg. Ellers kan trenarteamet velge frå øverste hylle. Det vert også fyrste mulegheit til å sjå nysigneringane Henrik Breimyr og Andreas Breimyr i aksjon.
Kampstart er kl. 18.30 på Høddvoll.