August Nyland Ørsahl ny hovudtrenar på rekrutt, toppspelarutviklar A-lag og G16

August Nyland Ørsahl ny hovudtrenar for rekruttlaget, og skal samtidig jobbe som toppspelarutviklar på A-laget og G16. Hødd Fotball og Molde FK er einige om eit utlån ut 2022-sesongen for den talentfulle trenaren. Foto Molde FK.

- Veldig spanande og nytenkande samarbeid der vi får ein ambisiøs og fagleg dyktig trenar til å utvikle spelarane i lag med resten av trenarteamet rundt, seier Sportssjef Jesper Törnqvist. 

August: - Ser fram til å jobbe i eit kompetent og spanande team 

- Eg er veldig glad for moglegheita både MFK og Hødd gir meg med denne avtalen. Eg er høgt motivert for både jobben med A-laget og rekrutt, og ønskjer å vere med på å bidra til at klubben tek enda eit steg både på A-laget og i utviklingsavdelinga Ser fram til å jobbe i eit kompetent og spanande team med Joakim, Ørjan og resten av teamet i 10 månadar, og er klar for jobben i Ulsteinvik frå søndag av. Håpar å bli kjend med flest mogleg Høddarar!

Hødd Fotball ønskjer August hjarteleg velkomen til klubben! 

Annonse: