Åsmund forlenger med Hødd til 2028
Hødd Fotball er svært glade for å kunne meddele at Åsmund Dimmen Roppen har signert ny kontrakt med klubben. Den nye avtalen strekkjer seg ut 2028-sesongen. Toppfotball
Den unge, lokale spelaren har teke store steg den siste perioden, både på trening og i kamp. Klubben ser på forlenginga som eit viktig steg i arbeidet med å vidareutvikle eigne spelarar.
– Vi er veldig glade for å forlenge avtalen med Åsmund og ser fram til den vidare utviklinga hans i Hødd. Han er ein spennande spelar med framtida framfor seg, og har teke store steg det siste halvanna året, seier sportssjef Jesper Törnqvist.
Åsmund sjølv er glad for å ha framtida si i Hødd:
– Eg er veldig glad for å forlenge kontrakten med Hødd, og ser fram til å vere med på den vidare utviklinga vår som lag, samtidig som eg ønskjer å utvikle meg vidare som spelar.
Hødd Fotball ser fram til å følgje utviklinga til Åsmund vidare og er stolte over å ha med ein lokal spelar som representerer både klubbens verdiar og ambisjonar for framtida.