
Åsmund Dimmen Roppen ut 2027
Åsmund Dimmen Roppen signerer proffkontrakt med Hødd ut 2027-sesongen! Toppfotball
Hødd Fotball er stolte over å kunngjere at Åsmund Dimmen Roppen har signert proffkontrakt som strekkjer seg ut 2027-sesongen. Den lokale spelaren har gjennom målretta arbeid og stor dedikasjon teke steget opp til OBOS-ligaen, der han no kjempar om ein plass i startellevaren.
– Ein lokal spelar som har jobba hardt og målretta over lang tid. Åsmund passar perfekt inn i måten vi ønskjer å trene på i Hødd og i kulturen vi ønskjer. Åsmund har under 2025-sesongen tatt staga som no gjer at han har fått spelt i OBOS-ligaen og konkurrerer no om ein plass i 11aren. Vi ser fram til vidare utvikling ilag, seier sportssjef Jesper Törnqvist.
Hovudtrenar Marius Bøe framhevar Åsmunds reise gjennom klubben sitt utviklingsmiljø:
– Åsmund har gått gradene i Hødd, og har hatt ei flotte utvikling i eit godt utviklingsmiljø. Åsmund har imponert oss i dei kampane han har fått prøve seg i OBOS-ligaen. Hardt arbeid over tid løner seg i jakta på proffkontrakt. Gratulerer!
Åsmund sjølv er tydeleg på kva signeringa betyr:
– Veldig stolt av å signere, og ein draum som blir oppfylt. Har alltid vore Hødd for meg, så dette betyr mykje.
Vi gratulerer Åsmund!
