ARNOLD ORIGI KLAR FOR HØDD

Arnold Origi (37) har i dag signert ein avtale med Hødd Fotball ut 2021-sesongen. Foto: lsk.no

Arnold Origi er keeper og har spelt for fleire klubbar i Norge. I Eliteserien står han oppført med 121 kampar og i OBOS-ligaen 106 kampar. I fjor spelte han for Helsinki IFK i Finland. Han var landslagsspelar fram til 2017, men etter dette vart han norsk statsborgar og var då ikkje aktuell lenger på landslaget til Kenya. I 2018 var han aktuell for Crystal Palace i Premier League. Ei solid signering! 

Vi takkar Vegard Ulstein som har bidrege for at dette har gått i orden. 

Hødd Fotball takkar også Next Wave Agency for godt samarbeid.

Hovudtrenar Kevin Knappen seier dette i ein kommentar:
- Ny keeper til Hødd! Vi har hatt ein utfordrande keepersituasjon etter at vår solide sisteskanse Ole Monrad Alme blei satt ut av spel med ei langtidsskade. No er vi stolte av å kunne presentere Arnold Origi som Hødd-spelar. 37- åringen har lang fartstid i Norsk Toppfotball med spel for Moss, Fredrikstad, Ull/Kisa, Lillestrøm, Sandnes/Ulf og Kongsvinger. Dei to siste sesongane har han spelt for HIFK i den Finske toppserien. Keeperen har også 36 landskampar for Kenya. Arnold som eigentleg frå Kenya, blei norsk statsborgar i 2017. Origi er ein veldig god keeper med en ekstrem fysikk og vinnarvilje. Aller best kjenner vi han godt frå tida i LSK som ble trumfa med cupgull i 2017, der han i etterkant var høgaktuell for Crystal Palace i Premier League. Vi har sagt vi skal ha det beste keeperteamet i divisjonen, det hadde vi i fjor og det har vi no. Hødd og Origi er einige om ei kontrakt som først og fremst strekker seg ut denne sesongen.  

Vi ønsker Arnold velkomen til Hødd!
 

Annonse: