Arild Sundgot gir seg i Hødd

Private årsaker gjer at Arild vender heim til Austlandet og familien der.

Arild Sundgot blir likevel ikkje med i trenarteamet til Hødd Fotball. 

Arild seier at dette har vore ein tøff og vanskeleg prosess, som dessverre har enda med at han må trekke seg ut av trenarrolla i Hødd. 

- Eg hadde sett fram til å bli ein del av Høddfamilien igjen, og i den korte tida eg har vore i Ulsteinvik no so har eg vorte fantastisk godt tatt imot av administrasjonen, trenarar, spelarar, supporterar; ja heile klubben. Dessverre so dukka det opp utfordringar som gjorde at eg måtte endre prioriteringane mine, og det er derfor med svært tungt hjarte at eg i dag har informert klubben om at eg må avslutte avtalen. Det er viktig for meg å poengtere at avgjera er utelukkande grunna  private årsaker, og har ingenting med Hødd å gjere, seier Arild.

Hødd Fotball synes det er trist at Arild ikkje blir ein del av trenarteamet i åra framover, men har full respekt for den avgjerda han no måtte ta.

Spørsmål knytt til dette rettas til styreleiar Håvard Haanes, mobil 976 64 004.

 

 

 

Annonse fra Obos-ligaen: