Årets tredje treningskamp

Laurdag spelar Hødd årets tredje treningskamp. På motsatt halvdel står Træff.

Hødd spelar årets tredje treningskamp på Høddvoll førstkomande laurdag. Træff spelte i same divisjon som Hødd i 2022, men etter ein sesong med mykje stang ut vart det nedrykk til 3. divisjon for Træff i fjor. 
 

Ein ny mogligheit for øving! 

Oppkøyringa så langt har sett bra ut for Hødd sin del og det har blitt jobba godt på feltet så langt. Hovudtrenar Marius Bøe seier dette før årets tredje treningskamp.

- Kamp nummer tre i pre season står for tur. Motstandarane, Træff, er eit godt 3. divisjonslag som leverte ein solid kamp mot AaFK 2 laurdag. Vårt fokus vil vere å jobbe vidare med spelestilen vår og våre prinsipp. I dei to første kampane har vi sett mykje av det vi har jobba med til dagleg. Spelarane er nysgjerrige og tek til seg læring. Det blir jobba godt med analyse av både lagdelar og enkeltindivid.

Det blir open kiosk og speakerteneste og det blir gratis inngang på kampen. Om nokon likavel ønskjer betale for billetten kan ein sende eit valfritt beløp til Vippsnr. 519293.

Vi ønskjer laget lykke til i kampen mot Træff.

HØDD - TRÆFF

  • Laurdag 17.02.2024

  • Kl. 14.00

  • Høddvoll

Annonse: