Årets kamp: Hødd - Stabæk
Søndag 30. august inviterer vi heile regionen til Årets kamp når Hødd tek imot Stabæk på Høddvoll. Det blir gratis inngang, Fanzone og aktivitetar for store og små – samtidig som vi saman skal samle inn viktige midlar til barnefotballen i Hødd. Toppfotball Billettar og kampdagsinfo
Bli med på årets folkefest
Vi ønskjer å samle små og store til ein skikkeleg folkefest når Hødd møter Stabæk på Høddvoll.
Før kampen inviterer vi til Fanzone i Ulsmohallen frå kl. 15.00, med aktivitetar, konkurransar og mykje moro for heile familien.
👉 Gratis kampbillett her!
Målet er å fylle Høddvoll og skape ei fantastisk ramme rundt kampen mot Stabæk.
Ei av dei viktigaste inntektskjeldene til barnefotballen
For privatpersonar kan sjølv eit lite beløp per tilskodar bli eit fint bidrag til barnefotballen:
Eksempel på bidrag privat:
0.25kr x 1500 tilskodarar = 375kr
0.40kr x 1500 tilskodarar = 600kr
0.50kr x 1500 tilskodarar = 750kr
1.00kr x 1500 tilskodarar = 1 500kr
Du vel beløpet – saman fyller vi Høddvoll og støttar barnefotballen! 💙
For bedrifter:
Vi håper også at næringslivet i regionen blir med på laget. Bedrifta bestemmer sjølv kronebeløpet per tilskodar, og alle bidrag er med på å sikre viktige inntekter til barnefotballen i Hødd.
👉 Gå inn her for å gi ditt bidrag!
Har du spørsmål om Årets kamp, eller ønskjer bedrifta di å bidra?
Ta kontakt med André Aurvåg Gardshol på telefon 99 54 21 59 eller e-post [email protected].
Tusen takk for støtta!