Årets kamp: Hødd - Åsane

Laurdag 18. oktober inviterer vi til årets "happening" på Høddvoll!

Bli med på årets folkefest

Laurdag 18. oktober inviterer vi til folkefest med gratis inngang for alle på Høddvoll!

Det blir aktivitetar for store og små med OBOS-miniliga turnering (3ar fotball), Hødd Fanzone+, og mykje anna gøy i forkant av kampen. Dette kan du ikkje gå glipp av!

Støtt klubben med eit kronebeløp pr. tilskodar!

Som tidlegare år utfordra vi derfor bedrifter og privatpersonar til å g eit bidrag til kampen. Denne kampen er ei av dei viktigaste inntektskjeldene til Hødd Fotball og klubbens breiddeavdeling.

Du kan vere med å støtte klubben ved å bidra med eit valfritt kronebeløp pr. tilskodar. Beløpet blir då gonga opp med faktisk tilskodartal og dette blir di støtte til klubben.

Vi vil derfor framover køyre fleire ringerunder til bedrifter og privatpersonar, og ser fram til ein hyggeleg prat. Om du ikkje blir kontakta:

Gå inn her for å gi ditt bidrag!

 

Alle privatpersonar som bidreg er også med i trekninga av flotte premiar, samtidig som ein er med å støtta klubbens breiddeavdeling.

Har du spørsmål om Årets kamp? Ta kontakt med André Aurvåg Gardshol på telefon 99 54 21 59 eller e-post: [email protected]

Tusen takk for støtta!

Annonse fra Obos-ligaen: