ÅRETS FYRSTE TRENINGSKAMP

Fredag kveld kl 17:30 spelar Hødd årets fyrste treningskamp borte mot Herd på AMFI Moa Stadion.

Laget har lagt bak seg to treningsveker i Ulsmohallen grunna snø og is på Stadion. Dei har blant anna våre igjennom ein YOYO-test i forrige veke.
 
Vi har stilt Sander og Jesper eit par spørsmål til kampen.
 
Kva tankar har du rundt kampen i morgon, Sander?
 
-      Eg forventar av vi får sjå ein speleklar gjeng. Ein gjeng som gler seg til å ta på seg Hødd-drakta igjen. Vi har hatt bra intensitet på øktene med periodevis god kvalitet sidan vi starta opp igjen. Vi har som mål å sjå igjen den intensiteten og tilstedeværelsen i kampen. Vi har med oss to prøvespelarar i Vegard Berntsen (Keeper) frå Elverum og Jens Husebø (Midtstoppar) frå Viking. VI har fått eit godt fyrsteinntrykk av dei som personar og spelarar og ser fram til å sjå dei på stor bane.
 
Korleis ser forma til spelarane ut så tidlig i Januar? Er dei klare til kamp?
 
-      Forma ser bra ut. Det er litt smårusk som er vanlig i starten av sesongoppkøyringa. Vi har tre forfall i Daniel Eid, Isak Skotheim og Bendik Rise står over pga sjukdom og småskadar. Bortsett frå det er resten klar for kamp.

Tropp

Vegar Berntsen, Ole Monrad Alme, William Fjørtoft, Jens Husebø, Joakim Wrele, Preben Sætre, Eirik F. Saunes, Bam Hide, Peter Hasund, Håkon Brautaset, Joachim Osvold, Robin Hjelmeseth, Bendik Engen, Bastian M. Rasmussen, Ola Heltne Nilsen.
 

Annonse fra Obos-ligaen: