ÅRETS FØRSTE HEIMEKAMP!

Måndag 22. april kl. 16.00 er det klart for årets første heimekamp når Byåsen kjem på besøk til Høddvoll. Møt opp å støtt laget!

Hødd starta sesongen borte mot Fredrikstad FK forrige helg og tok med seg eit sterkt poeng heim til Ulsteinvik. Dei blåkvite var klart best i store delar av kampen og kunne fort ha tatt med seg alle 3 poenga heim igjen.

Måndag 2. påskedag er det klart for årets første heimekamp på Høddvoll når Byåsen ventar på motsatt halvdel. Vi gler oss og håper å sjå deg der!

OM BYÅSEN

Byåsen spelte i 2018 i 3. divisjon og tok steget opp til 2. divisjon etter at laget vann avdelinga komfortbelt foran RBK 2. Laget skora totalt 66 mål og hadde 25 baklengsmål (minst i serien). Byåsen hadde også den beste bortestatistikken i avdelinga med 8-2-3.

Laget frå Trøndelag fekk også ein god start på årets sesong med 3 poeng mot Brattvåg. Det som starta på verst tenkeleg vis, endte med ein fortent 4-2 siger på heimebane til slutt.

Etter det vi kan finne ut har laget spelt seks treningskampar i vinter. 

17.02.2019: Ranheim - Byåsen 4-1
23.02.2019: Levanger - Byåsen 1-3
07.03.2019: Nardo - Byåsen 1-2
16.03.2019: Byåsen - Tiller 0-0
23.03.2019: RBK 2 - Byåsen 0-0
04.04.2019: Stjørdals-Blink - Byåsen 3-0
 

INNBYRDES OPPGJER

Hødd og Byåsen spelte sist mot kvarandre i 2017 i PostNord-ligaen og her tapte Hødd 1-3 på Høddvoll og spelte uavgjort 1-1 borte. Historisk sett kan vi vente ein del mål når laga møtast igjen måndag.

Siste 6 kampar mellom laga:
2017: Byåsen - Hødd 1-1
2017: Hødd - Byåsen 1-3
2010: Hødd - Byåsen 5-0
2010: Byåsen - Hødd 2-3
2009: Hødd - Byåsen 3-1
2009: Byåsen - Hødd 2-3
 

Siste 3 poengar heime mot Byåsen kom i 2010. Då vann Hødd heile 5-0 etter skoringar av Joachim Magnussen x2, Magnús Már Lúdviksson, Thomas Lid Kleppe, Adama Diomande.

RISE: - VI GLER OSS TIL Å KOME I GONG PÅ HØDDVOLL

Årets første heimekamp på Høddvoll står for tur Bendik. Korleis blir det å spele foran eigne tilskodarar igjen? 

- Det blir sjølsagt veldig artig, og vi gler oss til å kome i gong på Høddvoll. Vi fekk ein god opplevelse i Fredrikstad, og forhåpentligvis kan vi ta med oss den inn i kampen mot Byåsen. Vi skal i alle fall gjere så godt vi kan for å ta tre poeng, men også spele underholdande fotball foran Hødd-publikummet. I tilegg er det er meldt strålande vêr, så vi håpar at mange tek turen til Høddvoll på måndag. Alt ligg til rette for å skape ei god oppleving, og det blir gjort i lag med alle som er til stades!

Blåsarane reiser land og strand for å støtte laget. No er det heimekamp mot Byåsen og dei er sjølsagt på sin faste plass og klare for å støtte laget. Kor viktig er støtta frå Blåsarane for den prestasjonen som blir lagt ned på bana?

- Blåsarane er veldig viktige for oss. Arbeidet dei legg ned både før og under kampar smittar over på oss spelarane, og vi spelar for litt fleire enn berre oss sjølve. Støtta var heilt fantastisk i Fredrikstad der dei ofte overdøyvde heimepublikummet. Når vi i då får til ein god prestasjon, så bygger vi kvarandre opp også. Positivite opplevingar og støtte går hand i hand, og gjenspeglar ofte korleis ting ser ut.

NYLAND: - BLIR EIN SPENNANDE KAMP!

Ein sterk prestasjon i serieopninga borte mot Fredrikstad, Sander. Kva tenker du blir viktig å ta med seg frå den kampen og inn i den neste mot Byåsen? 

- Det blir viktig å hugse at kampen mot Fredrikstad er historie - og at det no handlar om nye 90 minutt mot ein god motstandar. Ordet «nullstille» er vel eit standardisert uttrykk i den samanheng. Samtidig skal vi jobbe mot å gjenskape dei gode periodane frå førre kamp. 

Kva veit vi om Byåsen og kva kampbilete kan vi forvente måndag?

- Vi veit at Byåsen er eit godt fotballag og har spisskompetanse i si tilnærming. Dei slo Brattvåg i førre kamp, var det beste laget i 3 divisjon i fjor, og har ein «go» i seg frå opprykket i fjor. Det blir ein spennande kamp og vi gledar oss! 

Har det vore ei god treningsveke og er alle friske og tilgjengeleg for kamp? 

- Vi har hatt ei normalt treningsveke og har gitt spelarane fri påskeafta. Ny trening søndag som blir siste før kampen! Per no er William Fjørtoft ute med skade i fotbladet, ellers er alle disponible.

KORLEIS KAN EG SJÅ ELLER FØLGJE KAMPEN LIVE?

Kampen kan du sjå live på Høddvoll – billettar kan du kjøpe på førehand ved å klikke deg inn her eller du kan kjøpe billett på billettkontoret før kampen. Det er solgt ca. 700 sesongkort til kampen, og vi håper mange tek turen til Høddvoll 2. påskedag og støttar dei blåkvite! 

Det vil også bli oppretta ein kamptråd på vår Facebook-side der ein kan følge dei viktigaste hendingane frå kampen.

TROPP

*Troppa blir lagt ut når den er klar!

DAGENS KAMPSPONSOR

KAMPFAKTA

  • POSTNORD-LIGAEN 2019 AVD. 1

  • HØDD - BYÅSEN

  • HØDDVOLL

  • 22.04.2019 KL. 16:00

Annonse fra Obos-ligaen: