Årets drakter i sal frå neste veke av

Ønsker du å sikre deg årets drakt?

Endeleg har vi fått inn årets drakter i Hødd-butikken, og desse vil vere tilgjengelege frå neste veke av. Her kan ein sikre seg både berekraftsdrakta og vår flotte blå heimedrakt!

Det er svært mange som ønsker å kjøpe årets drakter i år, og vi nærma oss snart 100 selde drakter allereie. Det blir derfor først til mølla om ein ønsker å sikre seg ei ny Hødd-drakt.

Hødd-butikken vil ha følgjande opningstider neste veke:

Onsdag 17.00 – 19.00
Laurdag 17.30 – 19.00 (Kampdag)
 
Til info vert all betaling med Vipps i Hødd-butikken!
 

Er du heldig kan du også vinne ei Hødd-drakt eller andre flotte supportereffekter under OBOS Fanzone+ på vår Hødd-stand. Vi køyrer også tilbod på skjerf, handflagg og andre supportereffektar ut juni månad.

Kom innom for ein hyggeleg handel.

Annonse fra Obos-ligaen: