Arbeidsveke på Høddvoll
Denne veka har Sondre Gjerdsbakk og Tobias Pettersen Hatløy vore på arbeidsveke i Hødd.
Begge gutane spelar for Hødd G16 og rekrutt til dagleg og har denne veka fått eit større innblikk i kvardagen på Høddvoll.
Kvifor arbeidsveke i Hødd?
- Fordi vi synst at det hadde vore spennande å sjå kva som vert gjort på Høddvoll dagleg.
Kva har dokke gjort denne veka?
- Vi har fått eit større innblikk i kva som blir gjort for å legge til rette for all aktiviteten som er i Hødd kvar dag. Det er mykje som blir gjort på anlegget i forkant av kvar trening og kamp. Spelarutviklarane jobbar også godt og etter ein gjennomgang har vi fått sett at det ligg mykje planlegging bak kvar trening og kamp som vi er med på.
Gutane kan du sjå i aksjon i kveld når dei spelar G16 kamp på Høddvoll kl. 18.30 mot Spjelkavik!