Antidoping Norge på besøk

Tysdag kveld var Antidoping Norge på besøk på Høddvoll for å informere om arbeidet dei gjer i organisasjonen.

Annonse:

Spelarar frå A-laget, Damelaget, Rekruttlaget, G16 og J16 var representerte på møtet som vart delt i to delar. 

Viktig informasjon

Det vart informert om:
  • Om Antidoping Norge
  • Førebyggande arbeid
  • Effekten av bruken av forbode stoff
  • Kva er på dopinglista eller ikkje?
  • Prosedyre rundt bruken av medisinar
  • Konsekvensar ved bruken av dopingmidlar
  • E-læringsprogram 

Om Antidoping Norge

Stiftelsen Antidoping Norge arbeider for ein rein idrett og eit dopingfritt samfunn.
Dette gjer vi gjennom informasjon og førebyggande arbeid, dopingkontroller og gjennom aktivt samarbeid internasjonalt. Antidoping Norge initierer også forskning på antidopingrelaterte tema.

Antidoping Norge (ADNO*) blei oppretta 3. juni 2003 av Norges idrettsforbund og olympiske og paralympiske komité (NIF) og Kultur- og kirkedepartementet (KKD) som ein uavhengig stiftelse. Dette for å sikre at kontroll og påtalevirksomheita av dopingsaker organiseres uavhengig av NIF og staten.

Vi takkar Antidoping Norge sin representant Oddbjørn Floan for besøket tysdag kveld!
Annonse fra Obos-ligaen: