Andreas Helmersen klar for Hødd

Hødd Fotball og Raufoss er einige om eit utlån ut sesongen for Andreas Helmersen!

Andreas gjekk gradene i RBK systemet og fekk sin debut for RBK i 2015 i NM kampen mot Vuku. Eliteseriedebuten kom mot AaFK i 2017. Etter dette har han vore på utlån hos Odd og Ranheim. Dei siste to sesongane har han spelt for Raufoss. Totalt står han oppført med 23 Eliteseriekampar og 28 kampar i OBOS-ligaen.

Det er derfor ein spiss med solid erfaring frå toppfotballen som no er klar for Hødd!

Sportssjef Jesper Törnqvist er godt fornøgd med avtalen:
- Vi er veldig glade for å få Andreas på eit utlån ut sesongen. Ein stor og sterk spiss med ein frykta venstrefot og godt boksspel. Andreas er veldig motivert for å kome til Hødd og bidra inn i ein spanande haustsesong!
 

Vi ønsker Andreas velkomen til Hødd!

Annonse: