Ronny: - Ambisjonar og forventningar til oss sjølve

Laurdag spelar Hødd damelag årets siste heimekamp når serieleiar Tiller kjem på besøk til Høddvoll!

Etter ein god vårsesong har det stanga litt imot for damelaget i haust. Den viktige 5. plassen har vore innan rekkevidde lenge – men det ser tøft ut no med 3 poeng bak Herd som har ein kamp mindre spelt og samtidig har mykje betre målforskjell. Laget må nok førebu seg for spel i 3. divisjon neste år.

No venta serieleiar Tiller på Høddvoll laurdag, eit lag som kjempar med Molde FK om 1. plassen. Tiller er einaste laget som ikkje har tapt i årets sesong og står med solide 12-3-0.

Hødd fekk det også tøft borte mot serieleiaren i vår og tapte til slutt 6-0.

No får Hødd-laget ein sjanse til å revansjere seg når Tiller kjem på besøk laurdag!

Dette seier hovudtrenar Ronny Osnes før kampen mot Tiller:

- Då står vi ved siste heimekamp sesongen 2022. Heldigvis har det vore ein full sesong med kampar både vår og haust. Vi var i god posisjon etter våren til nå målsettinga om å kvalifisere oss for framleis spel i 2. divisjon etter omlegginga som kjem no. Men ein underpresterande haust har ført oss utanfor dette selskapet, så forhåpentlegvis blir det ein fin lokal liga neste sesong der laget kan kjempe om å få spelet på nivået over.

- 2022 har vore spennande for Hødd sitt unge damelag, og lag og spelarar har vidareutvikla seg frå fjoråret og samla seg nye erfaringar. Misnøye med prestasjonane og poengfangsten no i haust viser både ambisjonar og forventningar til oss sjølve. Kanskje forventingar utanfrå også. Uansett har klubben eit godt utgangspunkt for å bli betre og prestere godt i 2023 gjennom opplevingar og erfaringar frå denne sesongen.

- No ventar også ein haust som forhåpentlegvis vil vise ambisjon for Hødd både som organisasjon, og å vere det leiande utviklingsmiljøet for unge ambisiøse spelarar på Søre Sunnmøre - også for jentene. Klubben treng fleire hender som jobbar for å utvikle damefotballen også utanfor treningsfeltet. Dette vil vere med å gjere fotballen i klubben meir attraktiv, og forhåpentlegvis trekke til seg dei beste i regionen. Og kanskje også på sikt spelarar som har tatt utdanning i dei store byane, og vel å kome tilbake til heimtraktene. Dette krydra med våre eigne lovande jenter vil gi ein ny kvardag som hevar klubben både sportsleg og kan utvikle ein betre fotballkultur. I tillegg til samarbeidet med UVS, som bør ta nye steg på vegne av jentene, vil dette også auke Hødd som ein attraktiv utviklingsarena for jenter i regionen. 

- I tillegg er det lov å håpe at sponsorar også lokalt, ser verdien av å støtte ein jente- og kvinnefotball i enorm framgang internasjonalt, nasjonalt og forhåpentlegvis lokalt. Eg håper og trur dei fleste sponsorar vil sjå verdien av eit attraktivt damelag i Hødd Fotball, slik at ein tradisjonsrik klubb som Hødd også blir med på den bølga som går gjennom Europa. Både sluttspel med landslag, og dei største klubbane satsar no på damefotball under «herre-paraplyen». Til dømes samla kvartfinalen mellom Barcelona og Real Madrid 90 000 tilskodarar i vår, og finalen i EM i England i sommar vart spelt på Wembley som var utselt. Dømer på at damefotballen fossar fram! Derfor håpar eg at sponsorar vil vere med å bidra med økonomi, som kan gi både jentefotballen i Hødd og damelaget kan få auka sjansar til utvikling og kunne konkurrere med andre lag og jentemiljø i fylket, og utvikle fleire spelarar til Toppserien.

- Den motstandaren vi har denne helga, har marsjert gjennom sesongen med ein parademarsj mot opprykk! Tiller har ein stor stall med kvalitet og blanding av svært gode unge spelarar og «godt vaksne damer» med rutine. Dei har spelarar som har tidlegare vore med meg på dei norske J19-landslaga, og andre spelarar har visstnok takka nei til Toppserieklubber før denne sesongen. Tiller er svært gode i alle spelet sine fasa i både angrep og forsvar. Eg håper alle som har moglegheit kjem for å sjå dette framandstormande laget, og eit Hødd-lag som er ute etter å vise den gode gamle og klassiske Hødd-tælen og klinke til mot eit godt lag.

- Avslutningsvis passar det å takke Mini-Blå som har vore dei fleste damekampane i haust, og skapt god stemning på tribuna! Bra jobba, og tusen takk - Heia Hødd!!!

MØT OPP PÅ KAMP

Vi oppmoda folk om å ta turen til Høddvoll for å støtte damelaget i kampen mot Tiller.

Vi ønsker laget lykke til!

KAMPFAKTA

  • 2. DIV KVINNER AVD. 5

  • HØDD - TILLER

  • HØDDVOLL

  • 01.10.2022 KL. 14:00

Annonse: