Alt skal avgjerast!

Onsdag 19.00 startar sesongens siste kamp på Høddvoll når Stjørdals-Blink kjem på besøk.

Det er klart for dei siste og avgjerande kvalifiseringskampane for Hødd. Etter 4-3-siger samanlagt mot Arendal er herrelaget nærare OBOS-ligaen enn nokon gong sidan nedrykket i 2016.

Onsdagens, og laurdagens, motstandar er Stjørdals-Blink. Etter ei nervepirrande avslutning på OBOS-ligaen sikra trønderane kvalifiseringsplassen foran Ull/Kisa - og det etter å ha slått Aalesund på heimebane. På sine siste fem kampar i serien har laget vunne éin kamp, spelt tre uavgjorte (mot Jerv, Sogndal og Åsane) og tapt mot opprykksklare HamKam. Dei er med i andre ord i grei form og spelar ofte jamne kampar.

Her kan du sikre deg kampbillett.

Stjørdals-Blink enda i kvalifisering også i fjor. Då møtte dei Asker der dei vann komfortabelt 3-0 på heimebane og 3-1 på bortebane, og sikra plassen etter 6-1 samanlagt.

Vi skal likevel ikkje lenger tilbake enn til 2019 då laga sist møttest. Då spelte begge laga i PostNord-ligaen, der Stjørdals-Blink rykte direkte opp - to poeng foran Kvik/Halden. I oppgjera mellom laga, gjekk Blink sigrande ut av begge, med 4-0 på heimebane og 2-3 på Høddvoll. Hødd har med andre ord litt å revansjere her.

Sjølv om det ikkje vart siger i kampen mot Arendal, så sikra Hødd avansement med 2-2 og 4-3 samanlagt. Laget inne i ei god rekke og har framleis ikkje tapt sidan møte med Brattvåg i august. Det er uansett ikkje noko å lene seg på, då alt no har kokt ned til dei to komande kampane.

Hødd har stort sett skadefri tropp og skal stille mannssterke til dei to siste kampane. Vi håper du vil ta turen og støtte laget i årets siste og viktigaste kamp på Høddvoll. Kampstart: onsdag 19.00.

Billett sikrar du deg her.

Vi sjåast på Høddvoll!

Annonse: