Alle på kamp - gratis kampbillett

Årets kampdag var ein stor suksess for klubben i 2021. Ein stor folkefest med gratis inngang for alle på Høddvoll. Vi invitera derfor alle klubbane rundt oss til å delta på fotballfesten!

Vi gleda oss stort til å arrangere årets kampdag den 10. september på Høddvoll. Då skal både damelaget og herrelaget spele heimekamp, og vi invitera derfor klubbane rundt oss til å delta fotballfesten!

Først møter damene Træff kl. 14.00, før herrane avsluttar årets kampdag mot Asker kl. 17.30. Det blir også lagt opp til konkurranser i pausene i begge kampane der ein kan vinne seg flotte premiar.

Vi fyrer opp grillen for å dei som treng ein matbit mellom kampane og det blir utdelt gratis is til alle barna. I tillegg blir det lagt opp til fleire aktivitetar som blant anna skotradar og presisjonsskot.

Bli med på folkefesten!

Vi håper derfor flest mogleg klubbar vil ta turen til Høddvoll førstkomande laurdag når dame- og herrelaget skal ut å kjempe om nye 3 poeng.

Kom i klubbfargane, bli med å lag god stemning og få ein fantastisk dag på Høddvoll!

Trykk her for å hente ut gratisbillettar!

Annonse: