Alfred Scriven selt til Bryne

Hødd Fotball har blitt einige med Bryne om ein overgang for Alfred Scriven. Alfred kom til klubben i 2021 og var i 2023 årets spelar i Hødd.

Sportssjef Jesper Törnqvist seier dette i ein kommentar:

- Alfred kom til Hødd som ein litt usikker spelar og person med eit stort potensial. Vi har saman brukt tid for å realisere det potensialet som ligg der og har sett frukter av det arbeidet Alfred i lag med støtteapparat har gjort dei siste åra. Alfred har blitt solid både på og utanfor bana og satt sitt preg på Hødd sitt A-lag dei siste åra. 

- Dette er også grunnen til at Alfred no blir lagt merke til og at han nå ønskjer seg vidare på reisa, og vi som klubb kan selje ein spelar til Toppfotballen. Tusen takk for innsatsen i blått Alfred og lykke til vidare til deg og familien! 

Alfred Scriven og tidlegare Hødd-spelar Ole Amund Sveen.
Alfred Scriven og tidlegare Hødd-spelar Ole Amund Sveen.

Alfred Scriven seier det har vore ei ære å få spele i den blå Hødd-drakta.

- Eg vil takke Hødd Fotball for ei utroleg reise, og eit eventyr som eg vil minnast resten av livet. Eg er takknemleg for moglegheita eg har fått til å vekse som person her i Ulsteinvik, og moglegheita eg har fått til å utvikle meg som fotballspelar. Det har vore ei ære å få spele i blå drakt, framfor Blåsarene og supporterar i Hødd på Høddvoll. Eg er audmjuk og takknemleg for tilliten eg har fått her. Eg har fått bli kjend med mange her i Ulsteinvik, og blitt svært godt tatt imot. Det blir trist å reise, men no går vegen vidare for min og familien min sin del. Ulsteinvik kjem til å bli eit kjært minne frå ei fantastisk tid! Kven veit, kanskje vi kjem tilbake ein gong. For Ulsteinvik har satt eit spor i oss. Dykk supporterar, lokalbefolkning og Hødd Fotball har gjort meir enn dykk veit for min trivsel her. Igjen, takk for tilliten, takk for heiarop, takk for moglegheita og takk for meg! 💙 

Annonse: