Alexander Nevstad tilsett som fysisk trenar

Alexander Nevstad er tilsett som ny fysisk trenar i Hødd ut 2024. Alexander kjem frå Brann der han har jobba som fysisk trenar med damelaget det siste året.

Annonse:

Med sin lokale forankring dreg nok dei fleste kjensel på etternamnet, for Alexander er nemleg nevøen til André Nevstad.

“Eg gler meg stort til å starte arbeidet som fysisk trenar i Hødd” - Alexander Nevstad.

Alexander tek over rolla til Aaron Horne som tidlegare har vore fysisk trenar. Aaron har no fått seg jobb som fysisk trenar i Vålerenga.

Vi ønskjer også takke Aaron for tida i Hødd, og ønskjer han lykke til vidare i Eliteserien og Vålerenga!

Annonse fra Obos-ligaen: