Aksel Bergsvik klar for Hødd
Aksel Bergsvik kjem på overgang frå seriemeister Viking og har skrive under på ein toårskontrakt med Hødd. Toppfotball
Aksel har nær 50 kampar på PostNord-nivå, i tillegg til landslagsuttak for Noregs G18-landslag.
Jesper seier:
– Aksel er ein allsidig keeper vi har følgt med ei stund, og som vi fekk sjå nærare på i vårt miljø den siste veka. No kjem han til oss på ein permanent overgang, og skal konkurrere om speletid som ein av tre keeperar i A-stallen. Vi ser fram til den vidare utviklinga saman!
Aksel seier:
– Grunnen til at eg valde Hødd, er at det var eit nødvendig steg for meg akkurat no. Eg ser på Hødd som ein klubb som er dyktig til å utvikle unge spelarar, noko som passar perfekt for meg.