Abrahamsen klar for Hødd
Kasper Reme Abrahamsen har signert for Hødd og blir Hødd-spelar fram til sommaren 2028. Foto: Lørenskog IF Toppfotball
21-åringen kjem til Hødd frå Lørenskog. Etter å ha vore ein del av Vålerenga-akademiet, gjekk turen vidare til Lørenskog for tre år sidan. Der har Abrahamsen hatt ei fin utvikling og etablert seg som ein spennande offensiv spelar.
Sportssjef Jesper Tørnqvist er svært nøgd med signeringa:
– Kasper er ein teknisk kantspelar med målpoeng i seg og ein dødeleg fot. Han er ein av dei mest spennande spelarane i PostNord-ligaen, og vi har stor tru på at han kan ta nye steg hos oss.
Velkomen til Hødd, Kasper!