Aaron Horne tilsett som fysisk trenar i Hødd Fotball

Aaron Horne er tilsett som fysisk trenar i Hødd Fotball, primært inn mot A-lag, men også litt inn mot begge akademia.

Aron har tidlegare erfaring frå akademiet og U23-laget til Leeds og Burnley, og kjem frå ei stilling som fysisk trenar i Strømsgodset. Etter samtalar med hovudtrenar Joakim Dragsten og sportssjef Jesper Törnqvist, har Aaron og Hødd no blitt einige om eit spennande samarbeid dette året.

Velkomen til Hødd, Aaron! Korleis har dei første dagane dine i Ulsteinvik våre?

- Eg kom for nokre dagar sidan, og har ikkje rokke å gjere så mykje enda. Det var ein lang køyretur frå Drammen, så eg har berre våre på ein joggetur rundt i byen for å skaffe meg ein oversikt, men det skal bli godt å kome i gang med arbeidet.

Kva var det som gjorde at du ønska å kome til Hødd?

- Eg møtte Joakim og Ørjan før jul, og vi prata om korleis dei ynskjer å utvikle Hødd dei neste åra, og det virka veldig interessant. Eg er glad i nye utfordringar, og her får eg moglegheita til å jobbe kvar dag med fotball, i tillegg er eg blitt veldig glad i den norske naturen, og her i Ulsteinvik er det veldig flott.

Kva kvalitetar er det du tek med deg inn i A-laget og Hødd som fysio? 

- Eg er ikkje så glad i å snakke høgt om mine kvalitetar som fysio, men hardt arbeid er noko som allereie står sterkt i denne gruppa, og det er også noko eg ser på som ein viktig verdi i treningsarbeidet, og som vi skal fortsette vidare med. 

Korleis kjem du til å sette ditt preg på den fysiske treninga framover?

- Eg skal først og fremst bli kjent med spelarane og deira fysiske tilstand, så skal eg saman med Joakim og Ørjan legge til rette for at vi er best mogleg trena, og unngår flest mogleg skader denne sesongen. Eg trur det blir spennande å få i gang eit GPS-system, som vi forhåpentlegvis kan ta i bruk for å legge til rette for ein god treningskvardag som er tilpassa kvar spelar. I OBOS-ligaen er det ofte 2 kampar i veka, og derfor er det viktig at vi trena med riktig belastning og intensitet for å vere klare til kvar einaste kamp.

Vi ynskjer Aaron velkomen til Hødd!

Annonse: