
AAFK - HØDD 2-1
Kampreferat: Hødd gjennomførte ein god treningskamp borte mot AaFK søndag ettermiddag. Hødd tapte til slutt 2-1, men hang bra med første timen mot ein av opprykksfavorittane i OBOS-ligaen.
Laurdag sendte Hødd Fotball ut pressemeldinga om at Sander Håskjold Nyland vert Hødd sin nye hovudtrenar dei neste to åra. Han skreiv under på ein toårs-avtale.
Les pressemeldinga her!
KAMPFAKTA
Søndag leia 25-åringen laget for første gang som offisiell hovudtrenar for Hødd i treningskampen mot AaFK. Heimelaget er tippa å kjempe om opprykk til Eliteserien og Hødd viste gode takter, spesielt den første timen!
1. OMGANG
AaFK kom best i gang og satte inn 1-0 etter skoring av islendingen Holmbert Fridjonsson etter 7 minutt.
Kort tid etter kom utlikninga til Hødd når Bam Hide vart spelt fint i gjennom av Bendik Rise. Ei flott vekta pasning som Bam satte enkelt i mål.
Både AaFK og Hødd hadde sine sjansar etter dette, men ingen fleire mål vart skora før pause.
Ein flott omgang av Hødd!
2. OMGANG
Heimelaget tok meir tak i kampen i andre omgang og produserte fleire sjansar offensivt enn det som var tilfellet i første omgang.
Først etter 60 minutt kom 2-1 skoringa til AaFK. Nok ein gang var det Holmbert Fridjonsson som satte ballen i målet. Ein corner frå heimelaget vart slått inn i feltet og etter ein duell hamna ballen hos islendingen. Han gjorde ingen feil og satte inn 2-1 til AaFK.
Ingen fleire skoringar kom etter dette og treningskampen enda derfor 2-1 til heimelaget AaFK.
KAMPOPPSUMMERING
Begge laga hadde kvar sin omgang der dei var best. Hødd viste gode takter i første omgang og satte heimelaget på fleire prøver. Eit innøvd og lurt cornertrekk, samt ei godt angrep gjorde at Hødd utlikna til 1-1 ved Bam Hide.
Etter pause var det heimelaget AaFK som tok over kampen og produserte fleire gode sjansar, men kun den eine skoringa kom i mot i andre omgang og då enda treningskampen til slutt 2-1.
TRENARKOMMENTAR
"Vi presterer godt den første timen og synes det var mykje bra å ta med seg frå denne perioda. Den siste halvtimen får Aafk litt momentum, medan vi mistar litt trua og rytmen i spelet vårt. Det prega oss offensivt og defensivt. Men vi møter eit godt lag og tek med oss ein del positivt frå denne kampen!", seier Sander i ein kommentar.
LAGET
Vegar Berntsen, Jens Husebø, Joakim Wrele, Netan Sansara, Daniel Eid, Eirik F Sauens, Bendik Rise, Bam Hide, Preben Sætre (Johannes Sundgot, 80 min), Robin Hjelmeseth (Håkon Brautaset, 72 min), Joachim Osvold.
BENKEN
Ole Monrad Alme, Johannes Sundgot, Håkon Brautaset, Pijus Marcinkevicius, Bastian Rasmussen.