A-laget tapte mot Byåsen

Etter ein svak start på kampen tapte A-laget 3-1.

Annonse:

Byåsen viste seg frå ei god side i dagens kamp på Høddvoll. Allereie etter 14 minutt hadde laget frå Trondheim scora to gongar. Det første målet kom etter rot i Hødd-forsvaret, medan det andre kom etter eit fint angrep langs deira venstreside. Martin Risan og Marius Nossum var målscorarar. Ellers i kampen hadde Hødd ballen mest, men Byåsen låg godt i sin Rosenborg-inspirerte 4-3-3-formasjon. 2-0-leiinga til Byåsen holdt til det 84 minutt, då innbyttar Sondre Beite scora med høgrefoten. Eit innlegg frå Vegard Heltne blei stussa frå Bendik Rise til Torbjørn Kallevåg, som vidare spelte ballen til Beite, som scora sikkert. Då Hødd jaga utlikning på overtid tok Ole Monrad Alme turen opp på dødball. Dette resulterte i at Byåsen fekk ei kontring, som innbyttar Sindre Sakshaug utnytta med å score på blank kasse.

Neste helg ventar Hønefoss på bortebane for A-laget, før Egersund og Vard kjem på besøk til Høddvoll i dei to siste kampane før ferien.

KAMPFAKTA

Hødd - Byåsen 1-3 (0-2)

0-1: Martin Risan (7')
0-2: Marius Nossum (14')
1-2: Sondre Beite (84')
1-3: Sindre Sakshaug (90')

11.runde PostNord-ligaen. Dommar: Adrian Bjørkhaug Gjendemsjø. Tilskodarar: 1192. Gult kort Hødd: Henrik Breimyr.

Hødd (4-3-3): Ole Monrad Alme - Bendik Torset (Preben Sætre frå 21), Eirik Haugen, Steffen Moltu, Vegard Heltne - Bendik Rise, Henrik Breimyr, Torbjørn Kallevåg - Magnus Myklebust (Sondre Beite frå 65), Badr Rahhaoui (Andreas Breimyr frå 46), Didrik Sereba.

Annonse fra Obos-ligaen: