A-LAG DAMER I GANG MED TRENING

Første fellestrening for laget er i gang i kveld. Hovudtrenar Ronny Osnes deler sine tankar før laget samlast igjen på treningsfeltet.

I kveld skal laget samlast igjen etter ferien og skal gjennomføre si første fellestrening for året. Hovudtrenarane Ronny Osnes og Joakim Wrele vil derfor ha si første økt saman når dei tek fatt på første treninga for året i kveld.

Vi har tatt oss ein prat med hovudtrenar Ronny Osnes før oppkøyringa er i gang i kveld.

Du og Joakim skal i år trene A-lag damer. Korleis blir det?
- Det blir bra. Vi har allereie øvd på samarbeidet dei siste månedane før jul. Vi deler mykje same tankar om korleis vi vil gjere og jobbe med framover.
 
Første fellestrening med gjengen i kveld. Det blir vel godt å kome i gang med trening?
- Trur nokon og einkvar gleder seg til det! Nokre utfordringar no med tanke på banekapasitet, føre og vær - men det blir kult å få begynt å jobbe mot ny sesong.
 
Kva ventar spelarane i oppkøyringa i år og kva vil fokuset vere gjennom vinteren?
- Eg trur spelarane kan vente seg nokre nye ting fagleg. Vi skal bygge og forsterke ein ny kultur. Betyr mellom anna at spelarane får utfordringer både fysisk og taktisk. Eg forventer at vi skal lære mykje saman!
 
Kva kan du seie om status for A-lag damer? Er stallen komplett?
- Stallar er sjelden komplette, men vi eg har tru på vi får ei flott gruppe ambisiøse spelarar. Vi har både rutine og yngre spelarar som vil opp og fram. Eg er overbevist om at vi skal utvikle oss individuelt og som kollektiv, og skal slå godt frå oss i 2021.
 
Er det avtalt treningskampar i vinter om det blir opna for det?
- Kampen no er mot korona. Når det opnar for kampar, skal vi vere klar. 
 

Vi takkar Ronny for praten!

Annonse: