A-gutta tilbake på feltet

Etter ein kort ferie er A-laget tilbake på treningsfeltet igjen mandag.

Annonse:

To veker etter at Hødd-gutta vann siste seriekamp borte mot Egersund, er dei tilbake på treningsfeltet igjen mandag.

I mellomtida har spelarane hatt ferie, der dei blant anna var på bot-tur til England. 

Hødd-trenar Sindre Eid har imidlertid ikkje kvilt. Han held for fullt på med innsalet av nye sponsoravtalar til 2018-sesongen.

- Det er slik det er. Det er alltid fullt trøkk på Høddvoll. Når vi no har hatt fri frå treningsfeltet siste to vekene, er eg ute i møter med sponsorane. Så skal eg ta nokre dagar fri i jula. det blir min ferie i år, seier Sindre.

- I ein dryg måned skal dokke no ha fellestreningar igjen, og skal også snart spele treningskamp mot Brattvåg. Er denne treningsperioda begynnelsen på 2018-sesongen eller slutten på 2017-sesongen?

- Hehe, det er vel meir ei mellomperiode. Men sesongoppkøyringa startar vi først like etter nyttår, så det er nok nærare ein slags ende på 2017-sesongen, smiler Hødd-trenaren.

- Er det nokon som ikkje blir med på treningane framover?

- Torbjørn Kallevåg tok farvel med oss fredag og reiste til Haugesund der han skal spele for FKH neste år. Robin Shroot har reist tilbake til England, og blir ikkje med oss i 2018. Utanom det er alle spelarane på plass og skal delta no i november.

- Blir det nye spelarar på treningsfeltet framover som skal vise seg fram?

- Det blir det, utan at eg vil seie så mykje om det akkurat no, avsluttar Sindre. 

Annonse fra Obos-ligaen: