Volda neste motstandar

I kveld spelar damelaget ny kamp i Sunnmørsposten-Cup mot Volda

Hødd damelag tek i kveld mot Volda i Sunnmørsposten-Cup!
 
Hødd har spelt to kampar i cupen og har starta svært bra! Dei står med to sigrar etter to kampar spelt og heile 14-0 i målforskjell!
 

I kveld står eit godt Volda-lag på motsatt banehalvdel, som og har starta med to sigrar i dei to første kampane i Sunnmørsposten Cupen, med ein målforskjell på 12-2.

Damelaget sin trenar Ronny Osnes seier dette før kveldens kamp: 
Vi skal spele to kampar denne veka. Volda og treningskamp mot Måløy laurdag. Vi kjem til fortsatt å rullere på spelargruppa, så det blir sjanser for å vise seg fram for alle spelarane. Vi har fått to gode sigrar i Sunnmørsposten Cup, og er kvalifisert for semifinale til hausten. Så spørs det om Volda eller vi vinn gruppa. Voldakampane siste sesongane har blitt klassiske derby med entusiasme, innsats og nerve. Det forventar vi denne gongen også! Vi ser bra ut så langt, dog har nokre spørsmålsteikn som vi får svar på mot Volda. Eg har sterk trur på god prestasjon og resultat om vi klarer å ha den tilstadeværelsen vi har hatt siste kampane. Satsar på folk har lyst på å få med seg ei ny episode av dramaserien Hødd-Volda, og eg trur på ein kamp med spenning og nerve.
 
 
Ta turen og støtt laget.
 

HØDD - VOLDA

  • Onsdag 13.03.2024

  • Kl. 18:30

  • Høddvoll

Annonse: