Toppoppgjer i Ålesund

Onsdag kveld spelar damelaget ny kamp i 3. divisjon, borte mot Aafk fortuna2. Kampstart kl. 18.45 på Color Line Stadion!

Hødd kjem frå to sigerar på rad heime mot Volda og Aksla/Guard.

No ventar ein tur til Ålesund for toppoppgjer mot Aafk Fortuna2, på Color Line Stadion. Kampen blir spelt klokka 18:45

Hødd ligg førebels på tredjeplass med 10 poeng etter fem spelte kampar, medan AaFK Fortuna ligg på første med 12 poeng etter sine fem kampar.

Sist gong laga møttest ende det med 0-2 siger for Fortuna på Høddvoll. Dermed er det eit revansjelystent lag som reiser til Ålesund for å kjempe om 3 viktige poeng!


Trenar Ronny Osnes seier dette før toppkampen i 3.divisjon.

- Vi må vere happy med kampen mot Aksla/Guard. Vi var bedre med ball, og varierte bra i angrepsspelet. Og både laget og enkeltspelarar framstod solide. I alle fall 3 i stengene i første omgang, så kunne vi sikkert ønska oss nokre scoringer til, men 3 poeng og gjennomføringa elles er eg fornøgd med.

-I etterkant av kampen sist veke har vi trent bra, men vi har fått ei skade og litt sjukdom, så pr. no er det «50/50» om desse spelarane rekk kampen onsdag. Vi skal finpusse på kampførebuinga tysdag, så skal vi vere klare for å gi gass med AaFK på Color Line Stadion onsdag.

-AaFK Fortuna har gjort det bra så longt og vant fortjent mot oss på Høddvoll. Dei luktar nok spel i Fylkesserien til hausten, så nokre spelarar frå førstelagstroppen har også spelt ein del i kampane i det siste. Sist spelte ikkje so alt for ukjente Klarna Solskjær, og Michaela Moran som dei henta frå USA i fjor. Vi trur at det nok blir fleire frå førstelaget som spelar mot oss - kanskje også Madelen Eid spelar mot sine eigne? Det blir ei uansett ei fin utfordring for oss, og vi skal fokusere mest på oss sjølve og dei oppgåvene vi skal løyse. Så vi skal vere klare for kamp og gi alt!

Vi ønskjer laget lukke til i kampen mot Aafk Fortuna2!

Annonse: