Prat med Mirza før Notodden-Hødd

Herrelaget sett i dag kursen mot Telemark for morgadagens oppgjer i PostNord-Ligaen mot Notodden! Avspark 14:00. Møt opp på Notodden kunstgress eller følg kampen direkte på Tv2 play.

Hødd har ikkje spelt mot morgondagans motstandar i ein teljande kamp sidan 2017. Kampen endte då 2-2 på Høddvoll. dei fire siste oppgjera mellom laga har endt med ein siger kvar og to uavgjorte.

Etter ti spelte kampar for både Hødd og Notodden i årets PostNord-liga ligg dei på henholdsvis 3. plass og 10. plass. Hødd ligg på 3. plass med nitten poeng, like mange som Jerv, men med ein kamp meir spelt en laget frå Grimstad, som møter Vard Haugesund borte denne runda. Notodden på si side har noterte seg for tolv poeng på sine ti første.

Vi tok i dag ein prat med Mirza Mulac før den lange bussturen til Notodden!

Kva gjor dykk i dag før avreise?

- I dag møtte vi opp om morgenen å hadde ein kampforberedande økt der vi blant anna såg på litt video om Notodden og korleis dei spela, etterfulgt av ein lunsj før vi reiste.

Korleis reiser dykk til Notodden?

 -Vi reise ned med ein tropp på rundt 16 spelarar nedover mot Notodden med buss, der vi skal blant anna stoppe på Vinstra å spise middag.

Kva gjer dokke for å få tida til å gå når dykk reiser på lange borteturar?

- Alle har kvar sin måte å få tida til å gå, nokre ser på filmar og seriar, andre søve, og mange spelar kortspel.

Oppladinga til kampen?

- Vi har hatt ein fin treningsveke der vi har jobba med ulike delar av spelet vårt og sett på måtar vi kan slå Notodden på.

Tankar om kampen og motstandaren?

- Eg gledar meg masse til kampen, vi møter eit godt lag som har god flyt for tida. Vi skal gi dei ein tøff kamp og kjempe for dei tre poenga.

Heia Hødd!

Vi ønskjer laget god tur og lykke til i morgondagens kamp mot Notodden.

Og som Mirza seier, Heia Hødd!

Annonse: