80 jenter samla til jentedag på Høddvoll

Rundt 80 jenter frå barnefotballen i Hødd var samla på Høddvoll til ein dag fylt med fotball og sosialt samvær. Jentedagen er ein del av arbeidet med å skape eit godt og inkluderande fotballmiljø for jenter i klubben.

Annonse:

– Vi ønskjer at jentene skal kjenne kvarandre på tvers av årskulla og oppleve at dei er ein del av eit større jentemiljø i Hødd. Slike møteplassar er viktige for å byggje fellesskap og skape tilhøyrsle til klubben. Dette er andre gongen i år vi arrangerer ein eigen jentedag, seier Vibeke Innselset, utviklingsleiar for jente- og kvinnefotballen i Hødd.

Spelarar frå Hødd sitt damelag hadde ansvaret for fotballaktivitetane og leia jentene gjennom økta. Etter treninga venta pizza og fersk bakst på Høddvollhuset, som sette eit fint punktum for dagen.

Hødd ønskjer å vidareføre jentedagane også neste år. I tillegg er det planar om ein eigen temadag for ungdomsfotballen på jentesida.

Støtte som gjer det mogleg

Gjennom støtteordninga Chickstart har Hødd fått støtte frå Like Muligheter til prosjektet Hødd Jentedager. Støtta bidreg mellom anna til innkjøp av fotballutstyr og mat til deltakarane, og gjer det mogleg å leggje endå betre til rette for slike møteplassar.

Vi takkar Like Muligheter og Thon Hotels for støtta, og alle dei 80 jentene som var med og gjorde jentedagen til ein flott dag på Høddvoll!

Annonse fra Obos-ligaen: