- Vi er svært nøgde med oppmøtet, og at alle sa etter økta at dei vil kome igjen fredag. Det tek vi som eit teikn på at opplegget traff godt.
- Vi ynskjer endå fleire i målgruppa velkomen til Høddvoll framover, seier Lars-Petter Rønnestad i Hødd Fotball.
Tider på treningane tysdag og fredag:
Kl. 11.00: Lunsj på Høddvollhuset.
Kl. 11.30: Oppmøte på Høddvollhuset for dei som ikkje vil ha lunsj.
Kl. 11.45: Vi går i garderoba og får utdelt utstyr til trening frå klubben.
Kl. 12.00: Trening i ein time.
Kl. 13.00: Oppsummering av dagens trening og takk for i dag.
Tilgang til garderobe fram til kl. 14.00.
Dette er Gatelaget:
Gatelaget er eit lågterskeltilbod for menneske som står utanfor arbeidslivet og fellesskapet, og som ønskjer å vere ein del av eit inkluderande og trygt miljø. Tilbodet er rusfritt og ope for alle som har eller har hatt rusutfordringar.
Fotball for meistring og fellesskap
Gjennom faste treningar, måltid og sosialt samvær skal Gatelaget vere ein arena for fysisk aktivitet, meistring og nye relasjonar. Her er det plass til alle – uansett bakgrunn, erfaring eller fotballnivå.
Gratis og ope for alle
Du treng ikkje ha erfaring frå fotball eller idrett – det viktigaste er at du møter opp. Hødd Fotball stiller med utstyr og fotballsko viss du treng det.
Eit samarbeid for lokalsamfunnet
Gatelaget i Hødd er ein del av den nasjonale satsinga i regi av Fotballstiftelsen, og vert til i samarbeid med lokale aktørar og støttespelarar. Målet er å bruke fotballen som verktøy for å skape nye moglegheiter for menneske som treng det mest.