57 utdanna trenarar i Hødd

Etter haustens Grasrot delkurs 3 har klubben no heile 57 trenarar som har gått Grasrotkurs eller har UEFA A- eller B-lisens. 24 av dei 57 er aktive i barnefotballen i aldersklassene 6–12 år.

– Kompetansen hjå trenarane våre er ein av fleire viktige faktorar som gjer at aktiviteten i Hødd fungerer godt. Det viktigaste i barnefotballen er at spelarane trivst og utviklar seg saman med gode vener, seier sportssjef Jesper Törnqvist.

Strategien til Hødd er å gjennomføre to av dei fire delkursa som utgjer Grasrotutdanninga kvart år. No i vinter vil klubben arrangere delkurs 4. Til hausten blir det igjen delkurs 1.

Grasrottrenarutdanninga er grunnmuren for å sikre kvalitet i fotballklubben. Trenarane lærer korleis ein planlegg, organiserer og gjennomfører motiverande og utviklande økter, med fokus på meistring, trivsel og langsiktig utvikling. Etter gjennomførte Grasrotkurs kan trenarane byggje vidare på utdanninga si med UEFA B- og A-lisens.

Heile 67 personar, inkludert trenarar med utdanning, er involverte i ulike roller rundt laga i barnefotballen. Dette er ein ressurs laga er heilt avhengige av. Med mange i støtteapparatet rundt laga blir tilrettelegginga av aktiviteten endå betre. I tillegg bidreg det til å utvikle eit godt miljø i støtteapparatet, noko som gjer det kjekkare også for dei vaksne å delta på trening.

Annonse fra Obos-ligaen: