5-0 siger til Hødd 2
Måndag kveld spelte Hødd 2 årets andre seriekamp i 4. divisjon mot Godøy på Høddvoll.
Hødd 2 var det dominerande laget frå start til slutt og vann til slutt 5-0. Dagens første scoring stod Magnus Myklebust for etter eit flott angrep av heimelaget. Samme mann auka til 2-0 midtveis i omgangen, og dette var også resultatet til pause.
Like etter sidebytte auka Sander Djupvik leiinga til 3-0, etter ei flott kontring med gode kombinasjonar med Isak Haanes. I det 70. minutt scora heimelaget endå eit mål - når Johannes Sundgot slo eit perfekt innlegg på pannebrasken til Isak Haanes. Sistnemnte stanga ballen utagbart i mål. Like før slutt fastsette Gustav Dimmen sluttresultatet til 5-0 med eit skot frå 20 meter.
Store målsjansar
"Vi er fornøgd med alle måla vi scorer, og at det store ballinnehavet resulterer i mange store målsjansar. I tillegg er det alltid kjekt å halde nullen. No ser vi fram til ei god treningsveke, før vi spelar 1. runde i junior NM mot Herd på laurdag", seier Sander Nyland i ein kommentar etter kampslutt.
Laget
Ole Monrad Alme (Sivert Pieroth), Martin Mork Breivik, Andreas Breimyr, Petter Worren (Gustav Dimmen), Johannes Sundgot, Håkon Brautaset (Bastian Rasmussen), Peter Hasund (Isak Skotheim), Eirik Franke Saunes, Preben Sætre (Sander Djupvik), Isak Haanes, Magnus Myklebust.