
4-3 siger til Hødd dame rekrutt
I lokaloppgjeret mellom Hareid og Hødd på Hareidsmyrane stadion i 4. divisjon, så var det Hødd som tok alle 3 poenga etter ein jamn og innhaldsrik kamp.
Torsdag 11.mai var det duka for årets hittil viktigaste kamp, nemleg lokaloppgjeret mellom Hareid sitt damelag og Hødd Dame rekrutt. Denne gongen var det Hareidsmyrane som var kamparenaen, og vi vil takke Hareid som gjorde dette til ein minneverdig og innhaldsrik kamp.
Hareid IL hadde laga ei flott ramme rundt arrangementet, og vi hadde dermed både innmarsj, balljenter og ikkje minst speaker. Dette var til stor begeistring for alle supporterane som tok turen å såg kampen.
Laget
Lene Mari Myklebust i mål. Sigrid Pedersen, Johanne Rise Kvalen og Vilde Sundal bake. Olea Flø Larsen som anker, og ho hadde med seg Kethleen Lorenzo, Therese Fiskaa og Oline Marø Sundgot på midtbana. På topp var det Thea Ertesvåg, Ine Sleipnes og Stine Marø Sundgot.
1. omgang
Når kampen starta var det Hareid som var mest på hogget, men Hødd-jentene kom sterkt tilbake dess lenger ut i kampen dei kom. Allereie etter 20 minutt kom det første målet, då var det Victoria Røren som scora for Hareid. Men med Ine Sleipnes på topp, går det berre to minutt før det står 1-1 på resultatstavla.
Etter 35 minutt kom Hødd sine to fyrste bytte, inn kom Andrine Nevstad og Rebecca Eikrem Sande, og ut gikk Olea Flø Larsen og Therese Fiskaa. Og med nye og friske bein på bana, kom Rebecca Sande på eit løp ned høgresida og la inn eit glimrande innlegg. Dessverre for Hareid var det ein av deira eigne spelarar som fekk ballen på seg og dermed trilla i mål.
Fem minutt seinare var det Thea Ertesvåg som sette ballen i mål, og Hødd gjekk dermed til pause med ein 3-1 leiing.
Pause
I pausa blei det berre gjort eit bytte, då var det Thea Ertesvåg som fikk seg ein pust i bakken, medan Lina Solheim Stave fekk prøve seg mot eit hardt og fysisk sterkt Hareids-lag.
2. omgang
Dei neste 15 minutta var jamne, og begge laga hadde mykje ballbesittelse. I det 70.ande minuttet kom Hødd sitt 5 bytte for kvelden, ut gjekk Sigrid Pedersen og inn kom Johanne Helvig.
10 minutt før slutt var det vertane som hadde mest å gi, og dermed fikk dei kjempa ballen i mål. Stillinga var no uavgjort 3-3. Like etter fikk Hødd nye krefter på bana, og inn kom Thea Ertesvåg og Stine Marø Sundgot. Dei bytta med Lina Stave og Ine Sleipnes. Men kampen var enno ikkje ferdig.
3 minutt før slutt var det nok ein Hareid-spelar som var uheldig å sette ballen i eige mål. Dermed gjekk Hødd-jentene opp i leiinga. Ei leiing dei heldt heilt til dommaren bles i fløyta for sluttsignalet.
Flott arrangement
Vi takkar Hareid IL for kampen og eit arrangement vi seint vil gløyme, og gleder oss allereie til neste kamp. Då er det Stordal som er motstandaren, og vi ønskjer dei hjarteleg velkomen til Ulsteinvik og Høddvoll.
Referat Sigrid Petronille Pedersen