4-1 siger til Dame rekrutt
Tysdag kveld spelte Hødd Rekrutt sin femte kamp for sesongen mot Stordal. Hødd-jentene vann til slutt komfortabelt 4-1 på Høddvoll. Les kampreferatet i saka!
Kampreferat
1. omgang
Hødd opna kampen godt, men fikk lite rom å boltre seg i, då Stordal låg uvanlig djupt og kompakt. Bortelaget var heilt klart komne til Høddvoll for å forsvare seg.
Men tolmodet lønte seg og etter 25 minutt kom dagens første mål. Etter eit fint forarbeid av Andrine Nevstad klarer Cecilia Bakke å sette ballen i mål.
Hødd hadde stort overtak i banespelet i kampen, og etter 38 minutt skorar Hødd det andre målet for dagen. Frå omlag 16 meteren løftar Kethleen Lorenzo ballen fint over målvakta og i mål. Dermed fullt fortent 2-0 på Høddvoll.
Etter det andre målet kom Hødd sitt første bytte, ut gjekk ei småsjuk Oline Marø Sundgot, og inn kom Ragnhild Knardal. Hødd-jentene køyrte på og gav seg ikkje der; tre minutt før pause sette Ine Sleipnes inn kveldens tredje mål. Dermed gikk Hødd-jentene til pause med ein 3-0 leiing.
I pausen vart det gjort to bytter. Ut gjekk Stine Sundgot og Olea Flø Larsen, og inn kom Maria Skaar og Rebecca Eikrem Sande.
2. omgang
Andre omgang starta med høgt tempo, og Hødd vart kanskje litt for offensive mot eit Stordal-lag som kun slo lange ballar opp mot spissen. Etter eit sjeldan Stordal-angrep får bortelaget straffe. Keeper, Gro-Elise Aksnes er på ballen med handa, men dessverre gjekk ballen i mål, og stillinga var no 3-1.
Cecilia Bakke var ikkje fornøgd med berre eit mål, og sju minutt ut i andre omgang sette Cecilia ballen i mål, etter strålande pasning frå Ine. Hødd auka leiinga til 4-1.
Etter 75 minutt gjekk Sigrid, Karoline og Andrine ut medan Cecilia, Kethleen og Olea kom inn for å gjer ein god jobb dei siste 15 minutta, noko dei fikk til med glans.
Etter fleire store Hødd-sjansar, ebba kampen ut i 4-1 siger til Hødd Dame Rekrutt. Stordal hadde forutan straffa, svært lite å kome med forutan eit par skot som Gro stort sett hadde full kontroll på.
Hødd Dame Rekrutt takkar Stordal for ein fin og lærerik match, og ynskjer dei lykke til vidare i sesongen! Vi takkar også dommar, Birger Elias Breivik, for kampen.
Referat Sigrid Petronille Pedersen.
Laget
Gro-Elise Aksnes, Kethleen Lorenzo Alstadsæter, Johanne Rise Kvalen, Sigrid Petronille Pedersen, Karoline Brandal Dahl, Olea Louise Flø Larsen, Andrine Nevstad, Stine Marø Sundgot, Ine Nordal Sleipnes, Cecilia Mari Strand Bakke.
Reservar
Rebecca Eikrem Sande, Thea Elise Ertesvåg, Maria Emilia Skar, Oline Marø Sundgot, Ragnhild Holm Brudevoll, Ragnhild Rogne Knardal.
Hødd Dame Rekrutt spelar neste kamp allereie torsdag 1. juni, der motstandaren er Mauseidvåg på bortebane.