Hødd 3 med i toppen av 6. divisjon
Med solid laginnsats borte mot Tjørvåg sikra Hødd 3 seg nye tre poeng i 6. divisjon.
Kampreferat
1. omgang
Hødd 3 starta kampen med høgt tempo, få touch på ball og mange fine kombinasjonar offensivt.
Dette gav resultat med ein gong og Hødd 3 gikk opp i 1-0 leiing allereie etter 1 min. Målet kom etter fine kombinasjonar langs høgresida der ballen vart slått inn framfor for mål. Victor Pettersen kom først på ball, men skotet blir redda av keeper som gir ein farleg retur. Joachim Gjerde er på returen og sett inn ballen frå 5 meter. Hødd 3 tidleg opp i leiinga.
Hødd 3 fortsette å presse på og etter 8 min får Hødd 3 straffespark etter at Victor Pettersen blir felt. Petter Haddal Worren sett straffa hard til høgre, men dessverre for bortelaget klarer keeper på Tjørvåg å få ei hand på ballen.
Etter 19 min var det Tjørvåg sin tur til å få straffespark. Ulrik Sulebakk Sylte i Hødd-målet redda forsøket frå heimelaget meisterleg.
Tjørvåg kom meir med på notane etter straffesparket, men Hødd 3 sto godt i mot.
Rett før pause får Bam Hide ballen på høgresida, legg fint inn til Bastian Myklebust Rasmussen som sett ballen kontant i mål til 2-0 som vert pauseresultatet.
2. omgang
Hødd 3 starta 2. omgang også bra og kunne fort ha skora rett etter avspark. Hødd får ein corner som blir redda på strek av Tjørvåg.
50 min og 3-0 til Hødd 3. Joachim Gjerde med ein flott assist til Bam Hide som blir spelt fri aleine med keeper. Han gjer ingen feil og sett ballen kontrollert i målet.
Etter 60 min får heimelaget tildelt eit nytt straffespark. Tjørvåg skyt ballen frå 16 meter som treff Hødd-spelar Stian Pedersen i brystkassa, men i følgje dommaren som står tett på situasjonen er ballen i kontakt med handa. Stian får direkte raudt kort og måtte derfor forlate bana etter 60 min. Det tredje straffesparket går i tverrliggaren og nok ein bom frå straffemerket. Hødd 3 er først på returen og får rydda bort.
Eit Hødd 3-lag med 10 mann og Tjørvåg blir farlegare med ein mann meir på bana. Etter 70 min ser det ut som Tjørvåg får redusert til 1-3 etter eit skot som retning mot krysset, men Hødd-keeper Ulrik Sulebakk Sylte gjer eit tigersprang og får vippa ballen over målet.
På overtid skorar Hødd 3 mål nr. 4 etter fine kombinasjonar av Niklas Thorseth Schmidt og Bastian Myklebust Rasmussen kombinera fint inn i 16 meteren. Bastian sett ballen i målet og skorar sitt andre mål for dagen.
Hødd 3 visste mange gode prestasjonar i kampen etter mykje fint spel til tider. Eit ekstra pluss til forsvaret og keeper som held nullen. Ein solid laginnsats av alle spelarane!
Bestemannspris til keeper Ulrik Sulebakk Sylte som sto ein solid kamp for Hødd 3.
Neste kamp for Hødd 3 er heime mot Bergsøy 2, onsdag 14. juni kl. 18.30.
Laget
Ulrik Sulebakk Sylte, Benjamin Haram Rogne (Sondre Alyandro), Stian Pedersen, Petter Haddal Worren, Johannes August Meinseth (Oscar Myrene Skeide), Bastian Myklebust Rasmussen, Johannes Ringstad Flake (Markus Ekornåsvåg Myklebust), Nicolai Fjørtoft Vik (Jakob Sætrenes), Joachim Gjerde (Niklas Thorseth Schmidt), Victor Selvåg Pettersen (Sander Ringstad Kanestrøm) og Bam Hide.