3 poeng mot Fana
Hødd fortsatte poengfangsten i PostNord-ligaen og tok nye 3 poeng borte mot Fana. Les kampreferatet i saka!
1. omgang
Kampen starta med eit lite overtak i banespelet til Fana dei første 5 minutta, men Hødd tok raskt over overtaket i kampen og var klart best fram klokka viste 20 minutt. Fana kom sterkare etter dette og hadde nokre brukbare sjansar i ei periode på 10 minutt. Siste del av 1. omgang var Hødd det førande laget i kampen. Målet til Hødd kom rett før pause etter eit flott skot frå Kallevåg frå rundt 18 meter.
Pause
Ein relativ jamne 1. omgang der Hødd hadde eit lite overtak i banespelet. Begge lag hadde sine småsjansar, men kun skoringa til Kallevåg skilte laga til pause.
2. omgang
Heimelaget starta 2. omgang best og hadde to sjansar som kunne resultert i mål. Fana skorar tidleg i omgangen, men målet blir korrekt annulert for offside. Få minutt etter er laget frampå igjen og spelar seg fint fri på venstresida. Innlegget blir slått inn i feltet 45 grader, men heldigvis for Hødd, så treff Fana-spelaren dårlig og skotet går høgt over mål.
Dei ti neste minutta bølga kampen begge vegar utan at laga klarte å skape dei store sjansane.
Etter 67 minutt får Hødd eit frispark utanfor hjørnet av 16 meteren. Rise gjer alt rett og sett ballen rett i målet og 0-2 til Hødd.
Fana var farlig frampå igjen etter 71 minutt, men Jalle varta opp med ei kanonredning. Frisparket til Fana vart slått inn i feltet til Hødd og stussa vidare mot målet, men Fana-spelaren som heada vart korrekt avblåst for offside.
Hødd hadde bra kontroll på kampen etter dette og hadde sine småsjansar.
Rett før slutt, i det 88 minutt reduserar Fana til 1-2. Målet blir først annulert for offside, men etter ein diskusjon med linjedommaren dømmer dommaren mål til heimelaget.
Hødd står bra i mot etter dette og tek 3 poeng borte mot Fana!
Kampfakta
Fana - Hødd 1-2 (0-1)
Takk for støtta!
Vi må også takke Blåsarane som har tatt turen til Bergen og kampen mellom Fana og Hødd! Nok ein gong er Blåsarane - Hødd sin 12 mann!
Vi ønskjer trenarteamet, spelarane og Blåsarane god tur heim til Ulsteinvik.
Laget
Jan-Lennart Urke, Steffen Moltu, Jesper Törnqvist, Vegard Heltne, Daniel Eid (55 min - Martin Mork Breivik), Henrik Breimyr, Torbjørn Kallevåg, Bendik Torset, Bendik Rise, Didrik Sereba, Magnus Myklebust (75 min - Badr Rahhaoui).