3-2 tap mot Fram Larvik

I ein kamp som bølga begge vegar var det heimelaget Fram Larvik som til slutt tok alle 3 poenga.

Annonse:

Kampreferat

1. omgang

Begge lag hadde sine sjansar i 1. omgang. Sjølv om det var ein relativ jamnspelt 1. omgang, så var det Hødd som var nærast skoring. Med litt større presisjon i avslutningane kunne Hødd ha tatt leiinga etter fleire brukbare sjansar. 

2. omgang

Rett etter pause var det dessverre heimelaget som skora første målet i kampen. Eit innlegg vart slått inn i feltet der Mahmoud Sami Laham heada ballen i mål via stanga. 

Hødd brukte ikkje lang tid med å svare heimelaget. Robin Shroot vart spelt fri rettvendt på ca. 25 meter. Shroot tok med seg ballen to-tre meter framover før han fyrte av mot målet til Fram Larvik. Ballen suste forbi keeper og rett i mål! 

Plutselig var Hødd i leiinga! Bendik Rise vart servert ei pasning på ca. 25 meter. Ungguten fyrte av på direkten og rett i mål. 

Etter litt klabb og babb i Hødd feltet utlikna heimelaget til 2-2. Målskorar Erik Rosland.

Dessverre for dei blåkvite var det heimelaget som igjen tok leiinga. Eit innlegg vart slått inn i feltet og ein heilt umarkert Erik Rosland fikk ein enkel jobb med å sette ballen i ope mål.

Hødd var svært nære på overtid, men dessverre så gikk ballen på feil side av stanga. Kampen enda derfor med 3-2 tap for Hødd.

Neste kamp for Hødd er søndag 13. august kl. 18.00 på Høddvoll mot Bryne FK.

Laget

Jan-Lennart Urke, Steffen Moltu, Eirik Haugan, Jesper Törnqvist, Preben Sætre, Henrik Breimyr, Didrik Sereba, Bendik Torset, Bendik Rise, Robin Shroot, Robin Hjelmeseth.

Kampfakta

  • Fram Larvik - Hødd

  • 48 min: 1-0 - Mahmoud Sami Laham

  • 54 min: 1-1 - Robin Shroot

  • 57 min: 1-2 - Bendik Rise

  • 66 min: 2-2 - Erik Rosland

  • 76 min: 3-2 - Erik Rosland

Annonse fra Obos-ligaen: